Familien Haugans heimeside

Slektsidene

Dette er ei samling med slektsopplysning som eg (S. Haugan) har samla og organisera med hjelp av eit dataprogram som heiter Brother's Keeper. Eg har tatt utgangspunkt i barna mine og fått med slekta på begge sider. Når eg byrja å skrive ned slekt så var det for at barna mine skulle kunne sjå kven dei ætta på, utanom dei heilt næraste. Difor byrja eg å skrive ned det eg visste og spurte dei næraste rundt meg, og da var det gjort, eg var langt bak i slekta før eg visste ordet av det. Problemet med dei næraste var at fødselsdatoar burde vere med og da vart det ikkje like enkelt. Difor er eg litt skamfull over at det manglar ein del av dei aller næraste, men send meg opplysningar så skal eg rette opp dette. Det er sikkert mange feil også som du vil oppdage, og da er eg takknemleg for rettingar.

Kjeldene eg har bruka er forskjellige. Eg har fått slektstre for Åmotslekta som var skrivi ned av Anne Åmot (Rukan) og litt har eg fått frå Seljordsoga og ei slektsbok samla av Olav Høgetveit og redigera og utgjeven av Trygve Næs. Bakover i Haugan- og Åbø- slekta har eg stort sett bruka  kyrkjebøkar og nå i ettertid kontrollera mot Hjartdal-soga, som eg òg har bruka litt no, og kjem til å bruke direkte som kjelde. Det meste av det eg har av slekta frå Øvre-Håtveit er samla til eit slektstevne og eg fekk det der. Når eg kom borti Blika-slekt, så kom eg også i forbindelse med Sisjord og der har eg kobla på dei dataene som Aslaug Sisjord har samla. Elles er det samla litt her og litt der, og manglane vert større til lenger ein arbeider med dette, men eg synest dette er moro og delar gjerne med meg opplysningar.

Eg skal etter kvart prøve å lage ei side med begrensa storleik - om den forholdsvis nære slekta, som er meir oversiktleg og lesevenleg enn her. Dette er alle dataene mine så langt.

SLEKTSIDENE VART SIST OPPDATERTE 27. OKTOBER 2012

Bruk linkene under "Slekt" til venstre...