Halvors blogg

- På nynorsk

RSS-feed

Det gjeng an å abbonere på bloggen via ein RSS-feed: Vis RSS-strøm

Oversikt

Ein oversikt over alle innlegga i bloggen:

Facebook & Twitter


Facebook Badge


Julekjele

16.01.12 kl. 21:27

Har du sett den geniale gryta til OBH Nordica med innebygd sil? Eg har lenge hatt lyst på den, og ønska meg den dermed til jul. Heldig som eg var, fekk eg den også! Eg har lenge tenkt at dette må vere den perfekte gryta. God kvalitet med non-stick-belegg slik at maten ikkje brenn seg fast i bunnen. Men den beste funksjonen er sjølvsagt innebygd sil i låket. Du slepp å drasse fram gryteklutar og/eller egen sil og sparer dermed frustrasjon og/eller oppvask.

Etter å ha prøva gryta openbara det seg derimot eit par ulemper. Sidan silen er i låket er det ein forholdsvis høg kant på det, som du ser på bildet. Dette gjer det umulig å legge det skeivt på for at det skal bli ein liten åpning for å unngå at det kokar over. Du må enten legge det heilt på, halvt på eller ta det av. Forsøk på noko anna fører til at det berre fell av. Løysinga er å finne eit eller anna ein kan legge mellom håndtaka for å lyfte upp låket, men det er jo inga praktisk løysing!

Den andre ulempen er at hulla i sila er så store at hvis du kokar spaghetti må du reke med å miste eit par "spaghetti-trådar" når du silar av vatnet. Men det er jo ikkje krise da.


Feilsøking

18.10.11 kl. 21:48

Nå er eg skikkeleg fornøgd. Eg fant ut håssen eg diagnostiserer bilen min! Eit raskt søk på "Subaru Legacy check engine light" og eg fant både liste over feilkodar med forklaring og video som viste korleis eg fekk bilen til å vise meg feilkoden. Takk Internett! Det viste seg at det bare var å koble saman to kontaktar. Da eg starta bilen etterpå begynte Check Engine lampa å blinke. Videoen forklarte at lange blink betydde 10 og korte blink var 1. Lampa mi blinka 2 korte og 2 lange gongar, så det blei 22. Det har visstnok noko med bankesensoren å gjere: "Abnormal voltage produced in knock sensor monitor circuit. Fail-Safe Operation: Sets in regular fuel map and retards ignition timing." Spørsmålet er om feilmeldingen betyr at bankesensoren ikkje fungerar, eller om det betyr at bilen ikkje klarer å motvirke tenningsbankinga. Neste steg blir derfor å finne ut om den fungerar. Eg har problem med at bilen dreg dårleg når den er kald, så eg lurar på om det har sammenheng med denne feilmeldinga. Eg skal også skifte olje for å sjå om det hjølper.


Tønsberg

12.08.11 kl. 21:49

Fyrst ein oppdatering sidan sist:

Eg leiger nå leilighet i Tønsberg. Det er ein hyggeleg kjellerleiglighet som er passe stor. Det var ikkje så lenge sidan eg var på IKEA og kjøpte inn diverse stuff. Det var litt dårleg belysning her, så eg kjøpte mellom anna ei stålampe.

Så litt om det eg driv med for tida:

Det er tusen ting eg må få ordna. Eller, det er jo ikkje så mange ting da, men det føles som om det er veldig mange ting. Eg skal fikse BSU, innboforsikring og ny sparekonto. Eg vil også prøve å skaffe ein billigare bilforsikring. I tillegg skal eg finne ein TV eg har lyst på, og jobbe med Vitri. Dagane gjeng litt i ett for tida, så eg får lissom ikkje så mykje tid kvar dag til å ordne med desse tinga.

Eg har brukt mykje tid på å prøve å finne ein TV. Det starta med at eg ville ha ein så billig TV som muleg på 32", men med akseptabel bildekvalitet. Eg tenkte å bruke 3-4 tusen. Nå har eg bestemt meg for at eg vil ha ein TV som er litt framtidsretta, slik at eg ikkje om nokre få år byrjar å angre på at eg kjøpte ein billig/liten TV. Derfor vil eg ha ein LED-belyst LCD-TV med 100 Hz. Eg vil at den minst skal vere 37" stor, fordi eg har blitt advart mot at eg vil synes 32" er for lite... Det er nokon som seier at ein ikkje ser forskjell på 50 og 100 Hz, og så er det andre som seier at 100 Hz er et must. Det er også med tanke på at TV'n skal "vare" at eg helst vil ha 100 Hz, men det er ikkje krise om det ikkje blir det. LED er iallfall framtida.

Ikkje så mykje spennans kanskje...


Jobb

20.05.11 kl. 22:20

Det har skjedd litt sidan sist eg blogga, så eg føler eg må komme med ein oppdatering nå.

Som eg skreiv under overskriften "Framtidsplanar" søkte eg på Microsoft University. Eg fekk eit intervju hjå ein bedrift i Oslo, men det blei med det eine intervjuet. Ho som itervjua meg sa at ho fekk eit bra inntrykk av meg, men det var tydeligvis ikkje nok. Som eg også skreiv, så hadde eg tenkt å søkje på andre jobbar, så eg søkte på ein stilling som webutviklar hjå ein bedrift i Tønsberg. Og den fekk eg. Så nå har eg jobb, og det er glad for. Eg trur det kjem til å bli bra! Har allereie starta å jobbe eit par dagar i veka. Nå gjeld det å få tak i leilighet i Tønsberg... *sukk*

I dag da eg var ferdig på arbeid og gjekk mot bussterminalen var det ein mann som sa hei til meg idet han passerte meg på fotgjengerfeltet. Ein opplever jo ikkje kvar dag at ukjende folk helsar til ein, men eg klarte å få fram eit halvvegs "hei" før han hadde passert. Det blei meir "he" kanskje. Så byrja eg så klart å fundere på årsaka til at han helsa til meg.

Eg kom til å tenkje på førre ukes episode av "Mysteriet Norge" på NRK1. Da handla det om høflighet, deriblant det faktium at me nordmenn latar som me ikkje ser kvarandre når me er ute i offentligheten. Det er ikkje normalt her i Noreg at tilfeldige folk helsar på kvarandre. Helsing er vanlegvis reservert til folk du kjenner samt interaksjon med kundebehandlarar (altså busssjåføren, kassadama osv.). Det er litt synd eigentleg, men slik har det blitt.

Eg kan ikkje seie eg kjente att denne personen som sa hei til meg. Kanskje han kjende att meg? Kanskje han var frå ein stad der det er vanleg å helse på tilfeldige forbipasserande? Kanskje han eigentleg helsa på nokon som stod bak meg?


Fordelar med stasjonær PC

28.03.11 kl. 13:30

PC under reparasjon

Eg har lyst til å kommentere denne artikkelen. For å oppsummere skriv dei at den viktigaste fordelen med stasjonær PC er at det er lett å bytte ut delar og oppgradere. Eg er enig med dette, men har lyst til å komme med fleire fordelar.

Ja, fleksibiliteten er ein viktig grunn, men eg meiner også at du får meir for pengane ved å kjøpe ein stasjonær PC. I alle fall dersom den skal vere litt bra. I dag får du jo såkalla netbooks frå rundt 2000 kr… Du kan også klare deg med tilsvarande for ein stasjonær PC, men da får du ikkje med skjerm!

PC med mange vifter

Skal du ha ein kraftig PC, så vil eg påstå at det løner seg med stasjonær. Eg sjekka ved å samanlikne ein stasjonær PC til 7500 kr (inkl. skjerm) med ein laptop til same pris. Det viste seg at til den prisen kan du få ein stasjonær PC med betre prosessor, større harddisk, raskare minne og betre skjermkort, enn dersom du brukar same beløp på ein bærbar PC.

Men betre specs og fleksibilitet er ikkje dei einaste fordelane med ein stasjonær PC. Du har også nokre fordelar som ikkje synes så godt… i alle fall ikkje med ein gong. Eg har dessverre ikkje nokon kjelder på dette på ståande fot, men eg høyrde ein gong at ein bærbar PC har ei forventa levetid på 3 år. Det vil seie at etter tre år er det forventa at ett aller anna på den gjeng duken, slik som for eksempel skjermen eller harddisken.

PC med mange vifter

Eg har som nevnt ingen dokumentasjon på at dette stemmer, men eg vil uansett påstå at ein stasjonær PC har lengre levetid enn ein bærbar. Kanskje fyrst og fremst av den openbare grunnen at du ikkje drar med deg den stasjonære PC’n overalt og på den måten tilfører den slitasje. Ein annan viktig årsak er at ein stasjonær PC som oftast får betre kjøling enn ein bærbar PC, fordi det er betre plass. Eg har sett fleire eksemplar på at produsentar av bærbare PC-ar har forsømt kjølig til fordel for ytelse, størrelse og støynivå. Ein prosessor som blir 80 grader har kortare levetid enn ein som blir kjøla ned til 50 grader for eksempel.

Fordelen med ein bærbar PC er jo at den er liten og portabel da.